Samarbeidsavtale mellom Sff og NFL

Bjørn Aksdal og Ellen Krageberg er glade for eit samarbeid om å sikre forskingsformidling av god kvalitet gjennom felles innsats for årsskriftet Musikk og tradisjon. Foto: Celina Gallo

Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) og Norsk folkemusikklag (NFL) har nå signert ei langsiktig samarbeidsavtale med mål om gjensidig å styrke kvarandre sitt faglege arbeid for formidling, dokumentasjon og forsking på folkemusikk og folkedans samt utveksling av kompetanse, metodar, informasjon og ressursar. Samarbeidsavtala sikrar NFL ei fast økonomisk støtte til utgjevinga av lagets årsskrift Musikk og tradisjon. I tillegg skal Sff bidra med vitskapleg arbeidskraft til redaksjonen for skriftet.

– Vi gler oss over samarbeidet, seier direktør ved Sff Ellen Krageberg. For oss er det særs viktig at me har eit tidsskrift som har moglegheit til fagfellevurdering for vitskaplege artiklar om folkemusikk og folkedans. Me treng eit sterk fagtidsskrift for feltet, som og er eit fellesskap for dei som arbeider fagleg på fleire nivå. At vi og kan samarbeide i andre interessepolitiske sakar er ei styrkje for feltet.

NFL sin leiar Bjørn Aksdal seier han er svært takknemleg for den økonomiske handsrekkinga laget nå får frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Etter fleire år med stor økonomisk usikkerheit rundt utgjevinga av Musikk og tradisjon, noko som m.a. har ført til mykje ekstra arbeid for styret, kan vi nå endeleg bruke tida og ressursane våre på det faglege arbeidet både når det gjeld skriftet og resten av verksemda til laget. Vi ser samtidig fram til det faglege samarbeidet med Sff og trur at det vil gi ei synergieffekt for begge partane.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: