Nytt nummer av Musikk og tradisjon!

Musikk og tradisjon nr. 35 er no på veg i posten til medlemmane våre! Om kort tid vil det òg vera digitalt tilgjengeleg frå Novus forlag sine heimesider.

I denne utgåva kan du lesa om intonasjonspraksisar på hardingfela, om framførande praksis og tolkingsproblematikk knytt til svenske spelemannsmelodiar frå 1700-talet, om skapinga av musikkinstrumentet moraoud, om dreiepositiv og bruk av desse i tiåra før 1850, og korleis ein engelsk kunstballade frå 1790-åra, gjennom det dramatiske innhaldet, har levd vidare som dikt, vise og prosaforteljing i dei nordiske landa, med hovudvekt på Noreg. Faste postar er bokmeldingar, konferanserapportar og samandrag av folkemusikk- og folkedansrelaterte masteroppgåver. Les meir her.

%d bloggarar likar dette: