Blås i folkemusikken – NFLs seminar 2022

Årets fagseminar har tema blåseinstrument i folkemusikken og vert på Ringve Musikkmuseum i Trondheim 18. og 19. november. Flere av dei fremste forskarane og musikarane på feltet er blant innleiarane, i tillegg til at me får høyra fleire av dei på konserten fredag kveld. Det vert også høve til å sjå den nye instrumentutstillinga «Lydspor» på museet. NB! Påmeldingsfristen er forlengd til 8. november.
Program, påmeldingsskjema og informasjon om overnatting finn de lengre nede på denne sida.

Konsert fredag kveld: Påmeldingsskjemaet kan òg brukast om du berre vil kjøpa billett til konserten. Kryss då berre av for konsert og send inn. Billettar kan òg kjøpast i døra (NB! Berre betaling med Vipps).

Velkommen – me håpar å sjå deg på Ringve!

Program

Fredag 18. november på Ringve Musikkmuseum:

Kl. 11.00–12.00 Ankomst, registrering, ev. lunsj i Café Victoria
Kl. 12.00–12.45Omvisning i «Lydspor – instrumentgalleriet på Ringve»
Kl. 13.00–14.00Ola K. Ledang, «A Bark-Flute World» ein freistnad i å forstå fløyter av bork i eit vidare perspektiv.
Kl. 14.00–15.00Hans F. Jacobsen, «Med seljefløyta ut i verda og attende»
Kl. 15.00–15.45Bjørn Aksdal, «Klarinetter i norsk folkemusikk»
Kl. 15.45–16.00 Pause – kaffe/te og biteti
Kl. 16.00–17.00«Morgondagens forskarar», Folkemusikkstudentar presenterer spanande forskingsprosjekt. UFFD
Kl. 17.00–17.45Per Åsmund Omholt, «Nye slåtter på sjøfløyta», overføring fra andre instrumenter
Kl. 18.00–19.45Middag
Kl. 20.00Intimkonsert med foredragshaldarane

Laurdag 19. november på Ringve Musikkmuseum:

Kl. 9.30–10.30Bjørn Aksdal, «Bukkehornet-typer og særtrekk»
Kl. 10.30-11.30Eilif Gundersen, «Læte for voll, hvelv og volver», musikk på lur, bukkehorn og bronselur.
Kl. 11.30–12.30Stein Villa «Frå revefløyte til barkelur», om folkeleg instrumentmaking.
Kl. 12.30Lunsj

Påmelding (frist 1. november)

Overnatting

Om du ønskjer å bestilla hotell med rabattkode frå Ringve Musikkmuseum kan du bestilla overnatting frå:

www.choice.no med kode: 971992 (Ved førstegongsbruk må du laga eigen profil), kundeservice tlf 22 33 42 00 (man–fre 08–20, laur 10–18) eller booking@choice.no. Du kan òg bestilla via reisebyrået deira. Om fleire ønskjer på å bu på same hotell foreslår me Quality Hotel Augustin.

%d bloggarar likar dette: