Manuslokk Musikk og tradisjon 2023

Kom no, manusa. Ko-om no.
Koma no, gode manusa.
Kom Danseartiklane, Instrumentartiklane, Vokalartiklane, Rytmeartiklane, Tonalitetsartiklane, kom alle spanande manusa.
Kom no, ko-om no, vene artiklane.

Sit du med eit spanande prosjekt som du klør etter å få presentert for eit større publikum? Då vil me invitera deg til å senda inn manus til vurdering for publisering i Musikk og tradisjon nr. 37 med frist 1. april 2023.

Musikk og tradisjon er eit vitskapleg tidsskrift for forsking i folkemusikk og –dans. Skriftet presenterer breidda i norsk og skandinavisk folkemusikkforsking, og tar i mot artiklar med ulike perspektiv på tradisjonell musikk og dans som eit breitt definert felt. 2023-utgåva har ikkje noko definert tema og er slik ope for alle aktuelle emne innan feltet. Artiklane kan vera musikkvitskaplege i tradisjonell forstand, eller ha eit kultur- eller samfunnsvitskapleg utgangspunkt. Dei kan vera historisk orienterte eller setja søkjelys på samtida, og leggja til grunn empiriske og/eller teoretiske perspektiv.

Alle artiklane vert vurderte av to anonyme fagfeller. Sjå meir informasjon her.
Vi er også interesserte i populærvitskaplege artiklar til tidsskriftet.

Manusa skal sendast til redaktør Bjørn Aksdal.

Kjenner du deg kalla? Send oss gjerne eit manus til vurdering!
Sprei gjerne òg informasjon om dette i nettverka dine! 

Beste helsing 

Styret i Norsk folkemusikklag

%d bloggarar likar dette: