Om laget

Norsk folkemusikklag (NFL) har som føremål å fremja forsking, dokumentasjon og formidling av kunnskap om folkedans og folkemusikk. NFL vil vera ein møteplass og eit fagleg forum for dei som til dagleg arbeider med folkemusikk og folkedans, og for alle andre som er nysgjerrige på vitskaplege perspektiv på dette fagfeltet. I tillegg til å vera ein organisasjon for forskarar og andre fagleg tilsette rekrutterer NFL medlemmer blant studentar, utøvarar og andre som er generelt interesserte i kulturhistorie og folkemusikk. NFL er norsk avdeling av International Council for Traditional Music (ICTM).

NFL vart stifta i januar 1948, med Ole Mørk Sandvik (1875–1976) som første formann. Han hadde vore til stades på skipingsmøtet til International Folk Music Council (seinare ICTM) i London, september 1947. Etter dette reiste han heim for å skipa Norsk folkemusikklag som nasjonalt lag med same føremål. Dei nasjonale laga skulle vera støttespelarar for den internasjonale organisasjonen. Styret i NFL fungerer som nasjonalkomité for ICTM. O. M. Sandvik sat som formann i laget i heile 17 år, fram til det året han fylte 90(!). I ein periode var han òg visepresident i ICTM. I 1965 overtok Reidar Sevåg vervet som formann i Norsk folkemusikklag. Liv Greni gjorde i 1969 eit intervju med Sandvik som kan sjåast på NRK sine nettsider.

Etter nokre år med svak aktivitet, kom eit vendepunkt i 1979 då verdskonferansen til ICTM vart lagt til Oslo. Laget fekk då ny giv og kom fram att i lyset. Rolf Myklebust, som var aktiv i ICTM, var ein av pådrivarane, medan Noregs Ungdomslag gjorde mykje av sekretærarbeidet under konferansen. Dette vart startskotet for ei meir utoverretta verksemd for laget.

Tellef Kvifte overtok leiarvervet etter Reidar Sevåg i 1980, før Ingrid Gjertsen tok over i 1982. I samband med 100-årsjubileet for Arne Bjørndal, vart det dette året arrangert fagseminar og konsert. Jubileet samla mykje folk og laget fekk mange nye medlemmar. Dette vart starten til det årlege fagseminaret til laget.

Leiarar i Norsk folkemusikklag dei seinare åra: Bjørn Aksdal 1988–1992, Rolf Karlberg 1992–1993, Ruth Anne Moen 1993–1998, Gunnar Stubseid 1998–2001, Ragnhild Knudsen 2001–2005, Bodil Haug 2005–2006, Geir Egil Larsen 2006–2007, Siri Mæland 2007–2010, Ola Graff 2010–2012, Anne Murstad 2012-2013, Bjørn Aksdal 2013-

Ole Mørk Sandvik
Foto: Ukjent / Anno Domkirkeodden
Falle i det fri (CC PDM)

%d bloggarar likar dette: