Heim

Om du vil gå litt djupare…

Aktuelt

Seminaret 2021 er avlyst

Den usikre smittesituasjonen og lite påmelding til seminaret (noko som truleg heng saman), gjer at styret diverre har sett seg nøydde til å avlysa seminaret på Rauland 15.–17. september. Me ser no framover mot neste år og vil koma tilbake med eit nytt spanande program for seminaret i 2022.

Kven er folkemusikaren anno 2021?

Oppdatert program for seminaret «Aktuell, tradisjonell og unik» er no klart! Seminaret vert på Rauland 15.–17. september. Les meir her og meld deg på innan 1. september!

Samarbeidsavtale mellom Sff og NFL

Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) og Norsk folkemusikklag (NFL) har nå signert ei langsiktig samarbeidsavtale med mål om gjensidig å styrke kvarandre sitt faglege arbeid for formidling, dokumentasjon og forsking på folkemusikk og folkedans.

Det er nok så at en melodi ikke er god bare fordi den er gammel.
Men det er gjerne slik at bare det fremragende greier å holde seg.

O. M. Sandvik

Om NFL

Norsk folkemusikklag (NFL) har som føremål å fremja forsking, dokumentasjon og formidling av kunnskap om folkedans og folkemusikk, og er norsk avdeling av International Council for Traditional Music (ICTM).

Meir om laget

Bakgrunnsbiletet på framsida: Bearbeiding av illustrasjon s. 141 i Olaus Magnus Historia de gentibus septentrionalibus (Roma 1555): Ann-Turi Ford